Når kroppen seie stopp..

Total forandring. Eit nattmenneskje som meg må finne rede sitt før klokka 11 på kvelden. Allerede klokka hal ti, ti kjenne eg at auga fell igjen og har problem med å halde meg våken. Etter eg flytta for meg sjølv, må eg ha minst heile 8 tima søvn kvar einaste dag. I går kveld reiste eg til Ullsteinvik for å senke skuldrane og vere saman med mi kjære mor, på fridagen min. Planen var å snurre nokre episodar seriar før senga kallar. Allereie før klokka var ni, skjønte eg at det måtte bli forandring i planane. Eg var så trøtt og utslitt at eg gjekk rett å la meg. Vel og merke har eg sove i over 13 timar i natt, som ei prinsesse. Planen var å stå opp i skapeleg tid og vere kjempe effektiv med skulearbeidet. Men du skjønna først då at kroppen har behov for kvile, er heilt utslitt og seie stopp. For ein gong skyld tek eg i mot signala, og gjer som eg får beskjed om. Når eg var komen ut av senga var det bare å fylle opp boblebade og slappe heilt av. Eg er ein person som aldri tek signala kroppen sende på alvor. Det er viktig å gjere noke med det, før det ein dag er forseint. 

Om ein liten time kjem denne frøkna på besøk og skal vere her til helga. Sjølv om sommarene var lang, ver det likevel alt for lita tid til denne frøkna. Skal bli så kjekt å få vere med ho igjen, eg gler meg! 




♥ I

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits