Tar lærdommen med vidare...

Det å flytte for seg sjølv er ei nye epoke i livet. Det er først no du innser alt som faktisk må gjørast. Ting du kanskje har tatt som ei sjølvfølge før. Det er no du verkeleg forstår kvifor mora di alltid har masa på deg om å ta tallerken fra middagsbordet, og sette den i oppvaskmaskina. Eller ta klesvasken inn på vaskerommet. Eller komme presis til middagsbordet, når maten står klar på duk og dekka bor. Eg skal ikkje legge skjul på at eg er ein av dei som har hatt det alt for godt heime. Eg har hatt ei mor som gjer det meste for meg, legge tilrette alt for at eg skal ha det godt. Eg har alltid hatt eit reint kleskap å gå til, mat på bordet til ein kvar tid, ryddig og reint hus kvar einaste veke. Og ei mor som stadig bankar på døra for å vekkje meg om morgonen, ein far som smøre skulemat til meg i ein hektisk kvardag. Eg har også blitt kjørt og bringa til alle aktivitetar eg har vore med på. Og det er først no eg verkeleg har fått opp auga, for kva foreldrene mine har gjort for meg i alle år. Kjedlege, men heilt nødvendige arbeidsoppgåver. 

Det å bo for seg sjølv har vore ein liten vekkar, i vertfall for meg. Veit ikkje kor mange gongar eg har gått over den lisje hybelen min med vaskefilla i handa, og sukka for støvet i krokane. Eller kor mange maskiner med klede eg har vaska, hengt opp til tørk, for å så brette dei og legge dei på plass igjen. Deretter sette på neste maskin. Eg har stått med oppvaskkosten i handa, vaska oppgjen ett kvar eit måltid og alt skal vere på stell før ein tar kvelden. Varsellampa mi lyse, og i dag ser eg kor viktige desse kjedlige arbeidsoppgåvene er, som mamma har gjort alle dei år. Klart eg har hjelpt til i heimen eg og, men eg trur dei fleste av oss i dag er litt bortskjemte, og ikkje ser dei nødvendige oppgåvene i heimen og lar mamma gjør meste parten av jobben aleine.

Det seiast at det er jo husmorsarbeid. Frustrasjonen og masinga forstår eg i dag. Det hopar seg bare meir og meir opp. Og ei dame med fullstilling både i heimen og på arbeid er litt av ein jobb, og klart ho ikkje skal gjere alt aleine. Eg trur vi ungdom må bli mykje flinkare til å sette pris på det mødrene våra faktisk gjer, og ikkje minst hjelpe til litt meir i heimen. Eg er vertfall veldig glad for å ha ei mor i hus som skal ha alt på stell. Sjølv om eg føle eg har hatt støv på hjerna sidan eg flytta, trivast eg veldig godt. Her er reint og fint kvar ein dag, nyvaske klede henge på tørk, og oppvasken gjer eg no med eit smil. Nettopp fordi eg faktisk har tenkt over dette, og eg har mor mi å takke for det. Ein hektisk kvardag har vi alle, men dei heilt nødvendige arbeidsoppgåvene gjer ikkje seg sjølv. Eg er glad for den masinga eg fekk i ny og ne, for no gjer eg husmors jobben sjølv. Med eit smil om munnen, og har teke lærdommen med meg vidare for å trivast på den vesle hybelen som er rein og fin kvar ei veke. 







Så tusen takk mamma, for all kjedleg ekstra arbeid du har gjort. Eigenskapane dine tek eg med glede! 

 

♥ I 

 

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits